Bryggeri - Bakst & Bryggghuset

BAKERI - KONDITORI - LUNSJMAT
BAKERI - KONDITORI - LUNSJMAT
Go to content


- øl innan segmentet
handtverksbrygg



BRYGGERI
Om oss:
 
Me er i hovedsak 2 personar som driftar både brygging og tapping i Bakst & Brygghuset, Bård E.Jensen og Frank Rørlien. Begge er 2 erfarne bryggarar som har drive med småskalabrygging i mange år. I tillegg har begge ei fortid frå industribryggeri frå både teknisk og produksjonsavdeling. Utdanninga vår er frå både teknisk og bryggerimesterutdanning.
 
Om ølet:
 
Det vert kun produsert øl innan segmentet handtverksbrygg. Det vert ikkje nytta hverken filtrering eller pasteurisering av ølet. Noko som bidrar til å bevara meir av smaken. Me tilset ikkje kolsyre i ølet, då all kolsyre er danna under gjæringa. Grunna småe brygg, maks 300 liter i kvar bathc, har me og mogelegheit til å variera mykje innan kva type øl me bryggar. I hovedsak har me to variantar som er faste: Gyllen Åsabu og Mørk Åsabu.
Mørk Åsabu er ein myrk Ale med kraftig aroma og smak. Denne vert laga med Kveik frå Dyrvedalen på Voss.
Gyllen Åsabu er ein Gyllen Ale, med mildare aroma- og smaks-karakter enn den myrke.
I tillegg lagar med sesongøl som sommarøl og jolaøl, begge desse variantane er og laga på kveik. Målet i 2020 er å komma med fleire nye sortar, der me i stor grad også kjem til å nytta kveik, men også ordinære ølgjær. Alt øl som vert produsert i lokala til Bakst & Brygghuset vert selde kun her.
Om utstyret:

Alt utstyret som vert nytta til brygginga er av rustfri kvalitet, for å betra reingjering og bryggeprosess. Me nyttar elektrisk kraft til oppvarming, både til mesking og koking.

Me har 2 sylindrokoniske tankar på 300 liter og 2 sylindrokoniske tanker på 100 liter. Alle 4 tankane er kombinert til gjæring og lagring. Temperaturstyringa på alle tankane er automatisk, for å sikra korrekte gjærings- og lagringshøve. Alt ølet vert tappa på 0,5 flasker i lokala til Bakst & Brygghuset.
ADRESSE
Liamyrane 6
5132 Nyborg Åsane

ÅPNINGSTIDER
Man - Fre:  07.00 - 17
Lørdag:      08.30 - 16
Søndag:     09.00 - 15
BAKST&BRYGGHUSET AS
Telefon: 907 04 917
2020 © Nettsiden eies av Bakst&Brygghuset AS.
Back to content